Frå første skuledag på Vats skule i 2024. Trygve Dahle Granberg (t.v.), Henrik Strand, Claudia Oancea, Lisa Mathea Lundegård, Elise Luteberget Nesheim, Simon Johannes Stølen-Ness, Halvard Lilleskog Eikeland, Kornelius Fosse, Adrian Mjølhus, Lina Svantesvold, Sofie Bådsvik Rødde, Syed Izaan Abyan, Tobias Bådsvik, Jacob Krakk og Amanda Hornenes Eide starta på skulen denne dagen.

Har mista lys på skuleleikeplassen

Ein jordfeil gjer at det manglar noko utelys ved leikeapparata på Vats skule. Feilen blir retta når leikeapparat frå den nedlagde kommunale barnehagen i Øvre Vats blir flytta ned til skulen.

Publisert

Dette opplyser Berit F. Haugsland, leiar for kommunaltekniske tenester i Vindafjord. Ho understrekar at lysmangelen er avgrensa, og at det er godt med utelys på heile framsida av skulen.

– Det manglar noko lys på baksida, der leikeapparata står. Eg veit ikkje om det er heilt mørkt der, fortel Haugsland.

Ho kan ikkje tidfeste når feilen blei meldt inn. Kommunen ser for seg å rette opp feilen i samband med at dei skal flytte nokre leikeapparat. Haugsland forklarar at apparat frå Vats barnehage – den kommunale barnehagen i Øvre Vats som blei tatt ut av drift då all barnehagedrift i Vats blei flytta til private Nausthaugen Vats tidlegare i år – skal flyttast til skulen. Apparat frå andre delar av skuleområdet skal også flyttast dit. Flyttejobben skal bli bestilt.

Leiar Berit F. Haugsland for kommunaltekniske tenester.

– Me har ikkje detaljplanlagt når apparata skal flyttast, men me jobbar med det. Det blir gjort så snart som mogleg, men det kjem an på vêrforholda, seier einingsleiaren.

Dette skuldast at det skal leggast fallunderlag under apparata.

Powered by Labrador CMS