Har du ein historisk VM-genser i skåpet?
I samband med VM på ski i Trondheim skal det visast ei utstilling av tidlegare offisielle VM-genserar – men fire genserar manglar for å gjere samlinga komplett.
Det dreier seg om genserane til Dale of Norway frå ski-VM i Vysoké Tatry i 1970, St. Anton/Lahti i 2001, Sapporo i 2007 og Liberec i 2009.
Dale of Norway har laga offisielle genserar til alle ski-VM sidan 1958. No skal alle desse skigenserane visast under VM i Trondheim, i eit samarbeid med Sparebank 1 SMN.
Annonse
Dale of Norway er primært interessert i å kjøpe tilbake dei historiske genserane som manglar i samlinga, og betaler med ein ny genser for kvar av dei fire genserane. Men verksemda er også villig til lån av genserar i samband med utstillinga.
(NPK)