Foto: Irene Mæland Haraldsen
Handlebussen for eldre i Vindafjord får rulle ut året etter eit vedtak i formannskapet. Den permanente framtida for tiltaket blir avgjort seinare i år. Her frå den første stoppen ved butikken i Vikebygd.

Handlebuss også neste år

Handlebussane i Vikebygd og Imsland blir vidareført også neste år, og har fått 100.000 kroner av det kommunale prosjektet Vakre Vindafjord.

Det var attraktivitetsprosjektet som starta buss i Vikebygd, med utgangspunkt i daglegvarebutikken i Vik som ønskte det. Seinare vart ordninga utvida til butikken i Kvaløy i Imsland. Handlebussen blir vurdert til å vere ein suksess og blir sett stor pris på blant dei eldre som brukar den i Bjoa, Vikebygd og Imsland. Men tilbodet blir eldre i bygdene meir mobile, og får eit sosialt treffpunkt ein gong i veka.

Joker i Vats vil også vere med på ordninga med handelbuss, men butikken har ikkje fått oppfylt søknaden fordi det blir vurdert til å ikkje vere rom for det på noverande tidspunkt. Formannskapet har også godkjent at det sosiale middagstreffet for pensjonistar i Vikedal skal få 10.000 kroner i støtte slik Vikedal grendeutval søkte om. I mars i år vart det gitt 100.000 kroner til eit marknadsføringsprosjekt i Vakre Vindafjord, og 30.000 til oppretting av ei nettside for prosjektet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS