Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Handelsstanden skjerpar demenskompetansen

Publisert Sist oppdatert

På Etne senter var det fredag morgon utdeling av kursbevis, kake og kaffi då dei tilsette fekk kursbevis for innsatsen dei legg ned i arbeidet med å bygga eit meir demensvennleg lokalsamfunn. Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim rosa deltakarane og understreka kor viktig opplæringa er.

— Det er et uttrykk som heiter, det skal en landsby til for å oppdra et barn. Men det skal faktisk ein landsby til for å ivareta dei demente også. Så eg synest det er heilt fantastisk at me står i saman i dette arbeidet, sa ordføraren.

Under markeringa blei det understreka at dette ikkje berre er ei kampanje som går over, men eit arbeid som må halda fram over tid. Demenskoordinator Hanne Gravelsæter Øvernes, leiar for Skånevik helselag, Sigrid Bøthun, og avdelingsleiar ved Etne omsorgssenter, Eline Mæland har gjennom hausten arrangert kursa som dei tilsette i handelsstanden har delteke på, og dei påpeika kor vanleg det er at personar med demens bur heime og møter lokalsamfunnet i kvardagen. Derfor er det viktig at kompetansen skal vera der dei møter folk – i butikken, i banken og i nærmiljøet.

Powered by Labrador CMS