Steinar Åsheim (f.v.), Tore Hummervoll, Sverre Staurland, Børge Rønnevik og Jon Årtun Rønnevik tar den siste kaffikoppen i lunsjen i den nye matsalen, og er svært tilfreds med ny fabrikk for settefisk som Mowi investerer i Imsland.
Foto: Jon Edvardsen
— Hadde ikkje trudd at det skulle bli så bra
— Heilt topp, hadde ikkje trudd at det skulle bli så bra, fantastisk at Mowi satsar her i Imsland, er nokon av kommentarane frå sofagruppa der den siste koppen med kaffi blir fortært i lunsjpausen.
Der har Steinar Åsheim, Tore Hummervoll, Sverre Staurland, Børge Rønnevik og Jon Årtun Rønnevik panoramautsikt over Vindafjorden.
Matsalen har mange kvadratmeter og svært mykje av gamlebygget kunne ha fått plass der. Ein flunkande ny kontorfløy er hundre prosent ferdig.