Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Greier ut samfunnsteneste for alle

Publisert Sist oppdatert
Ei stadig eldre og veksande befolkning treng meir arbeidskraft i sving. Løysinga kan liggje i ei allmenn samfunnsplikt, noko KS greier ut.

Kommuneorganisasjonen KS skal få ei utgreiing innan 15. mai frå Menon Economics, skriv Stavanger Aftenblad. Utgreiinga skal ta for seg samfunnsnytta og føresetnader for innføring av allmenn samfunnsteneste.

– Det aukande arbeidskraftbehovet framover aktualiserer spørsmålet om korleis vi kan trekkje inn fleire ressursar i verdiskapande aktivitet i samfunnet. Ei slik moglegheit kan liggje i innføring av ei allmenn samfunnsteneste, der fleire samfunnsbehov kan tenkjast dekt samtidig, seier avdelingsdirektør for innsikt og innovasjon i KS, Monica Fossnes Petersson, til avisa.

Ho trur ei samfunnsteneste som omfattar alle, kan vere ein del av svaret på behovet for fleire hender i mellom anna helse og omsorg.

Styremedlem Arne Bergsvåg (Sp) i KS ønskjer diskusjonen om ei eventuell samfunnsteneste velkommen.

– Vi er nøydde til å gjere ein god del radikale endringar i måten vi bur, lever, reiser og skaffar oss ressursar på. Det må ikkje bli eitt års teneste berre for å setje ungdom til noko i eitt år. Det må vere effektivt og gjennomtenkt. Uansett vil det vere læring i dette, seier Sp-politikaren til Stavanger Aftenblad.

Powered by Labrador CMS