Gøy på rorbuferie
Borte ved rorbuene spenner Sondre Nyvoll Stokka (6) bogen. Han er på rorbubesøk ved Skjoldafjorden.
— Eg håpar eg treff, seier Sondre Nyvoll Stokka, spenner bogen og siktar mot blinken.
Saman med komande klassekameratar har han tatt turen frå Førresfjorden til Otertong ved Skjoldafjorden. Det er på tampen av juli, og skulestarten nærmar seg. Denne dagen har han reist til familien Larsen si rorbu saman med fire kompisar, mødrene deira og nokre søsken. På programmet står skyting med pil og boge, båttur, fisking og grilling.
Prøver fiskelukka