Det var eit forventningsfullt publikum med born og vaksne, sysken og besteforeldre som sat klare i Sandeid samfunnshus tidleg på ettermiddagen laurdag. Dei venta på å sjå Sandeid barne- og ungdomsteater si eiga tolking av Thorbjørn Egner sin Hakkebakkeskogen – med ein litt julete vri.
Regissør Jostein Apeland fortel at idèen kom frå scena med Bakemeister Harepus som skal lære bakarguten å bake pepperkaker.
– Det er vel ingen som bakar pepperkaker om sommaren, difor tenkte vi at å lage Hakkebakkeskogen med snø og jul var heilt naturleg.