Både Løvenstad og Brodd har begge møtt overmakta mot raske og tøffe Etne-jenter. Laget frå Oslo var sjanselause, og det stoppa på 4-0 til jentene i grønt. Mot Brodd derimot var det skikkeleg cupstemning, der spelet bølgja fram og tilbake. 1-0 vart til 1-1, før Etne på ny avgjorde til sin fordel. Dermed vert den siste innleiande kampen mot russiske Samara ein rein puljefinale.
— Eg er godt nøgd med jentene, smiler kaptein Anna Karina Ramsvik.
— Me spelte bra mot Løvenstad, og i dag reknar eg med at det vert to jamne kampar, sa ho før oppgjeret mot Brodd. Og like etter at gjengen hadde vore på offisiell lagfotografering.