Glade jul» i mange variantar
Carlos Bjarte Queiroz-Fosse (11) frå Etne har teikna ein strålande – men tilsynelatande blåfrossen julenisse. Så gale er det at han til og med har istappar hengjande frå munnen sin. Kan det hende han kjende lukta av nydeleg julemiddag, fekk vatn i munnen, og deretter fraus vatnet? Det er ikkje godt å vite, men flott var i alle fall teikninga. For Carlos Bjarte er det grønt, pynta juletre, ein blåfrossen julenisse og julegåver som symboliserer glade jul» og 11-åringen var også den heldige som blei trekt ut til årets vinnar av Grannar sin juleteiknekonkurranse. Han vil dermed få eit gåvekort på tusen kroner, på ein valfri butikk i Grannar-distriktet.
Juleglede
Emilia Digernes Lothe (9) frå Ølen og Håkon Eikesdal (7) frå Vats er også to heldige, som deler på andreplassen etter å ha blitt trekte ut. Dei får utdelt gåvekort på 500 kroner kvar.