Leiar i Etne Skyttarlag, Reidar Rødne, er glad for den nye skytebanen på Fikse.
Arkivfoto: Svein-Erik LarsenFOTO: Svein-Erik Larsen
Glad for ny skytebane
Etter fleire år med planlegging og jobbing kan leiar i Etne skyttarlag, Reidar Rødne, endeleg senka skuldrene og gleda seg over det nye anlegget på skytebanen på Fikse.
— Det har gått med mykje tid i forhold til utføring av jobb, og i plan og papirarbeid. Me starta prosessen i 2018 og nå er anlegget i hovudsak ferdig. Det manglar litt på 100-meteren som må fiksast og så ønskjer me å asfaltera, seier Reidar Rødne og er svært nøgd med den nye skytebanen som har fått seg eit skikkeleg ansiktsløft.
— Skytebanen er mykje brukt og det kjem stadig nye krav. Me har snakka om dette i mange år og nå har me fått ein godt resultat, seier han om anlegget dei eig saman med Ølen skyttarlag.
Rødne er sjølv ein flittig brukar av banen på Fikse og nyttar ledige stunder til å testa skyteferdigheitene. Interessa for skyting har han hatt med sidan 12-års alderen då han i oppveksten var medlem av Sandeid skyttarlag. Etter nokre års pause i vaksen alder tok han opp igjen interessa då sonen Even fatta interesse for sporten for snart 10 år sida. Nyleg deltok både far og son på Landsskyttarstemnet i Bodø. Reidar skaut seg til finalen, men måtte gje tapt i innspurten.