Glad for å ha dyra tilbake etter brannen
Inne på tunet på garden Åsbø i Stordalen i Etne er ting i ferd med å falla på plass etter den tragiske brannen 1. august 2018. Ny driftsbygning er reist og inne i fjøset ruslar mjølkekyrne igjen nøgde rundt omkring i det heilautomatiserte lokalet der dei sjølv bestemmer korleis dagen blir.
Men at det igjen skulle bli liv på båsen var slett ikkje sjølvsagt då tragedien råka.
— Hadde det ikkje vore for all den utruleg gode hjelpa og støtta me fekk då brannen råka, hadde me ikkje orka å byggja opp igjen. Den første tida etter at brannen var me inne på tanken om å ikkje byggja meir, men då me såg alle som stilte opp, bestemte me oss for å fortsetja. Me bygde ut tre år før brannen og så brann alt ned, seier Knut Helge og kona Hanne Therese og tenkjer tilbake på augustdagen for eitt år sidan då brannen la heile driftsbygningen i ruin og tok livet av 33 storfe.