Ingolv Vevatne var ein engasjert mann som gjennom ei årrekkje har lagt ned eit enormt arbeid for lokalavisene. I 2016 blei han heidra med heiderspris frå Landslaget for lokalaviser.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Gjorde stor innsats for lokalavisene
Ingolv Vevatne var først og fremst lærar, og hadde sin arbeidsplass i grunnskulen i heile sitt lange yrkesliv. Like fullt var han brennande engasjert i både målsak, fråhaldssak, lokalpolitikk, sogelag, ungdomslag og han var glad i historie. Bygdehistorie i sær. Det er ikkje få spor han etterlet seg, mellom anna i Etne Sogelag sine årbøker. I juni 2007 blei han også tildelt Kongens Fortjenestemedalje i sølv. Når ein snakkar om spor, er Ingolv Vevatne ein mann som også etterlet seg store spor i lokalavisbransjen. Han var ei av eldsjelene som i 1973 grunnla Grannar, som den gongen var bygdeblad for kommunane Etne og Ølen. I 1976 var han mannen og ideen bak organisasjonen Landslaget for lokalaviser (LLA), som i dag er ein interesseorganisasjon for over 110 lokalaviser frå Svalbardposten i nord til Lindesenes i Mandal.
Samla lokalaviser
I eit intervju med Grannar i 2016 då LLA fylte 40 år, fortalte Ingolv Vevatne om oppstarten for organisasjonen. På den tida var det til dels store forandringar innan norsk presse og fleire bygdeblad såg dagens lys over heile landet. Likevel var det dei store riksavisene som fekk hovudtyngda av stønaden, både gjennom tilskot til avispapir og i statslysingar. Bygdeblada var for små og blei ikkje lagt særleg merke til. Dette provoserte Vevatne, og i januar 1976 bestemte han seg for å prøva å stifta ein landssamskipnad for bygdeblad, og sendte ut nærare 80 brev til aviser i heile Noreg. Portoen betalte han av eiga lomme. Han fekk 29 svar som støtta ideen om å skipa ein eigen organisasjon for bygdeblad, og i mai same år blei det arrangert skipingsmøte på Voss. Her var 15 aviser representerte, og dei fekk stifta samskipnaden. Ein av dei andre eldsjelene på dette stiftingsmøte var dåverande redaktør i Vaksdal-Nytt, Harald Stanghelle, som i dag er ein profilert politisk kommentator i Aftenposten.