Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Modolf Haraldseid (H) la fram tilleggsforslag. Her saman med Øyvind Valen (Ap), Mats Årvik (Frp), ordførar Ole Johan Vierdal (Sp), Gustav Løge Fosse (Krf) og Therese Nesheim (H).

Gjekk for planregulering - øyremerka biogassanlegg

Publisert

Føremålet med planendringa er å konkretisera arealbruk for deler av for Nerheim næringsområde, for etablering av eit biogassanlegg som skal handtera inntil 226.000 tonn biomasse årleg. Planendringa var oppe til førstegongs behandling i formannskapet og eit samla formannskapa sa seg einige i planendringa som inneber å endra arealføremålet frå næring/lettare industri til industri i den sørlege delen av næringsområdet i Ølen.

I tillegg til det opphavlege forslaget frå kommunedirektøren, la Modolf Haraldseid (H) fram eit tilleggsforslag som formannskapet stilte seg bak. I forslaget vil det bli innarbeidd og dokumentert fleire tilleggspunkt før planendringa vil bli lagt ut til offentleg ettersyn.

I tilleggsforslaget heiter det mellom anna at konsekvensutgreiinga og Statsforvaltaren sine innspel skal løftast tydeleg fram når høyringa vert sendt ut. Det skal også koma fram korleis konsekvensutgreiinga er handtert i planprosessen. I tillegg skal det utarbeidast eit konkret program for å utvida medverknad i høyringsprosessen, noko som inneber at det kan arrangerast opne dialogmøte i Ølen og eigne møte for bebuarane i området der biogassanlegget kan koma. Det er også lagt inn i forslag om at Sandeidvegen og Njordvegen skal skiltast og ha høgintensiv belysning.

Powered by Labrador CMS