Mottok gåvesjekk på 2000 kroner. (f.v) Dagleg leiar Ølen Kulturhus; Hege Meland (37), Vinnarar i namnekonkurransen; Silje Ebne (21), Malena Røgenes (20), Ada Ivesdal (21) og Sofie Asheim Nordskog (21), saman med representantar frå Vindafjord Kommune; Ane Kesia Eide Fatland (50) og Hanne Rosseland (37).
Foto: Sirianne Vikestad
Gitt namn til kulturhuset
Nede ved Ølensjøen er det stadig aktivitet ved det nye tilbygget til Ølen Kulturhus, og mange gler seg til å ta det i bruk.
For ei tid tilbake utlyste Vindafjord kommune ein namnekonkurranse på det nye kultur- og læringssenteret, i håp om å engasjera innbyggjarane i det som skal bli den nye samlingsstaden i kommunen.
Av i alt 200 forslag var det eitt som skilte seg ut for juryen, og det vart sendt inn av fire unge jenter frå Ølen, Vats og Sandeid.