Betonggründer Atle Berge er utestengt frå Russland i ti år utan at han har fått noko forklaring. Nå kjempar han for å bli reinvaska.
Foto: Irne Mæland Haraldsen
Gir ikkje opp Murmansk
— Eg har fått kontakt med ein person som står Putin nær, som skal formidla mi sak direkte til Putin. Eg har bede han senda presidenten mi personlege helsing med førespurnad om å få møta han personleg om saka ordnar seg. Og går det i orden, skal eg òg invitera Putin til Ølen, seier leiaren for Ølen Betong si avdeling i Murmansk, Atle Berge.
I over eitt halvt år har han streva med å få reinvaska seg for spionstempelet og få oppheva innreiseforbodet til Russland.
— Eg har skrive mange brev både til Putin, utanriksministeren og mange andre organ som kan ha ein viss innverknad på prosessen, men ingenting har skjedd så langt. Nå ynskjer eg å gå vegen om eit direkte sendebod, seier betonggründaren som for tida er heime i Vindafjord.