Åse Hjelmervik steller godt med alpakkaane på familiegarden.
Foto: Svein-Erik Larsen
Tema Landbruk
Gir bøndene ein salsarena
— Kjem kundane ser me lyst på framtida. Det er ein veldig fin måte for lokale matprodusentar å få selt varer og stoppe matsvinn på, seier Hjelmervik.
Det er felles utleveringar på bestemte tysdagar på Ølen Senter og ved Bondekompaniet og Coop Extra i Etne. Neste utleveringsdag er 4. april.
Kundar vil vite meir
For Hjelmervik er det veldig kjekt å legge til rette for at lokale produsentar får ein salsarena. Sjølv driv skåneviksbuen ein gard som har vore i familien i fleire generasjonar. Ho og Torland Velde tar ingenting i mellomlegg for å administrere REKO-ringen.
— Det er ein dugnad eg gladeleg gjer, seier Hjelmervik.
Garden hennar skil seg nok mest ut med at ein kan sjå det søramerikansk domestiserte kameldyret alpakka når ein køyrer forbi på Skånevik-sida av Strondavegen. Hjelmervik har eit stort engasjement for norsk landbruk, som motiverer ho til å ta ansvaret for REKO-ringen. Ho brenn særleg for å utnytte lokale ressursar.
— Me ser at produsentar rundt om distriktet legg ned, samtidig som fleire og fleire kundar er interesserte i å vite noko meir om maten dei et. REKO-ringen legg til rette for at produsentar og kundar kan møtast, seier skåneviksbuen.
Mange følgarar
Konseptet går ut på at matprodusentane legg ut annonser for varer i Facebook-gruppa REKO-RINGEN Grannardistriktet som kundane bestiller før utleveringsdagen. Per 28. mars har gruppa heile 3.216 medlemmer. Likevel får ein ikkje alltid den eksponeringa ein ønskjer.
— Facebook speler ikkje på lag. Innlegg blir lite synlege, noko som gjer det vanskeleg å nå ut, fortel Torland Velde.
Der Facebook i sine tidlege dagar opptredde kronologisk med umiddelbare varslingar kvar gong det skjedde noko i gruppene ein brukar følgde, har det sosiale mediet i seinare år fått eit meir komplekst feed- og varselsystem.
Ei veke før den kommande utleveringa er det åtte produsentar som har annonser ute i gruppa. Hjelmervik minnast rundt 15 produsentar som toppnotering på ei utlevering. I startfasen var det koronarestreiksjonar, og utleveringane hadde tydelege smittvernreglar. Likevel hadde dei første utleveringane godt oppmøte. I seinare tid har det vore litt nedgang. Nokre produsentar har eit jamt sal, mens andre opplever dalande interesse. Dette bekymrar skåneviksbuen, sidan produsentane er avhengige av kvarandre for å kunne oppretthalde tilbodet.
— Me har alltid plass til nye produsentar, men då må kundane vise at det er ein god marknad for lokalproduserte varer, seier Hjelmervik.
Tilbakemeldingane frå produsentar er glede for at tilbodet finst, og fleire kundar har skrive motiverande skryteinnlegg av maten og innsatsen som blir lagt ned. Derfor ser Hjelmervik moglegheiter for framtida.
Variert tilbod
Annonsane til utleveringa kommande tysdag viser at det er mogleg for kundar å skaffe seg sjokolade, lefser, flatbrød, egg og fleire typar kjøtt. For besøket frå Grannar hentar Hjelmervik opp nokre av produkta sine frå frysen.
— Eg sel kjekjøtt og kjøtt frå vestlandsk storfe. Når det er sesong har eg også med jordskokk, fortel skåneviksbuen.
Ideen om kjekjøttproduksjon kom til då ho gjekk på vinterlandbrukskulen og skulle skrive ei oppgåve, der ho lærte at ein stor del av alle kje i Noreg blir avliva etter at dei er ferdig med råmjølka eit par dagar ut i livet. Hjelmervik viser fram ein artikkel frå 2017 som fortel at 31.000 geiter blir avliva i året. Ho understrekar at ho ikkje skuldar på bøndene.
— Systemet gir store kostnadar med å fostre opp kje, seier Hjelmervik.
Sjølv samarbeider ho med ein geiteprodusent som ho hentar kje frå kvart år. I år har ho henta 60 stykk.