Honningbier lever utrygt når det er geithams i nærleiken.
Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB / NPK
Geithams til åtak på biesamfunn
NPK: Norges Birøkterlag har fått meldingar om at heile biesamfunn blir øydelagde av arten geithams, som er den største kvefsearten i Nord-Europa.
— Geithams hentar mykje bier, men at dei har drepe eit heilt bifolk, har vi berre fått éi melding om tidlegare, og det var berre for nokre dagar sidan frå Fredrikstad. Så dette er heilt nytt for oss, seier birøktar Roar Ree Kirkevold til NRK.
Han er også journalist i Norges birøkterlags fagblad Birøkteren, og forfattar av fleire bøker om bier og birøkt.
I Eidsfoss i Holmestrand kommune har ein hobbybirøktar opplevd at biene i to av tre bikubar er utrydda i sommar. Eit biesamfunn, som er alle biene i ein bikube, kan bestå av nesten 60.000 bier på det meste om sommaren.
Geithamsen står klar når biene kjem tungt inn mot kuben fulle av nektar, eller angrip når kuben er open.
Geithamsen var borte her i landet i kanskje så mykje som hundre år før den blei oppdaga på nytt i 2007. No er den kategorisert som nær trua» i Artsdatabanken.
— I fjor var det ein god del rapportar frå birøktarar om geithams, men i år har det tatt heilt av. Vi veit ikkje heilt kvifor, men han spreier seg kraftig, seier Kirkevold.
Eksperten trur det kan vere litt av årsaka til at bier ikkje klarer å forsvare seg i særleg grad.
— Våre honningbier har truleg ingen erfaring med geithams fordi han har vore borte så lenge i Noreg.