Gaupe i Skjold

På ein skitur mellom Isvik og Dalavik kom Håkon Dagsland og ein kamerat over eit […]

Publisert Sist oppdatert

På ein skitur mellom Isvik og Dalavik kom Håkon Dagsland og ein kamerat over eit nyleg drepe rådyr. Det vart funne mellom to fôringsstasjonar for hjort og rådyr. I følgje finnaren er det tydeleg at rovdyret har prøvt å dekke til rådyret. – Med dei spora var eg aldri i tvil om at det var ei gaupe. Det er første gongen dette er fastslått i Skjold, seier Håkon Dagsland. Ole Martin Eikeland frå Statens Naturoppsyn gjorde ein grundig jobb med å undersøkje rådyret og funn rundt byttet og konstaterte at det må vere gaupe som står bak.

Powered by Labrador CMS