Gardsfamiliar gir svar om grønare framtid
Korleis kan det grøne skiftet i landbruket betre tilpassast behova til bonden? I eit nytt prosjekt inviterer forskingsinstituttet Ruralis gardsfamiliar til å dele erfaringane sine.
Det skriv forskingsinstituttet i ein artikkel på nettsidene sine.
Dei kommande åra skal Noreg gjennom eit grønt skifte og landbruksnæringa vil i stor grad bli påverka av det. Det blir truleg færre bønder, og bonden må investere stort og jobbe meir effektivt for å gjere bruket sitt meir klimavennleg.
– Det er ikkje sikkert at bonden rekk både fjøsstellet og møtet i det lokale bondelaget. Kanskje blir fleire digitale møte ein del av løysinga? Vi vil gjerne vite korleis kvardagen fungerer i dag, korleis bøndene har tenkt å møte framtida og korleis lokalsamfunnet kan haldast oppe eller bli betre. Det grøne skiftet kan også sjåast på som ei moglegheit til å styrkje sosial berekraft, fortel forskingsassistent Marita Uglem Remøy ved Ruralis.