Gamleskulen på veg bort frå bygda
1860-talet var tiåret det kom ein stor skulereform, eller snarare ei oppretting av skuleinstitusjonen nokon lunde slik me kjenner han i dag, der ungane skulle samlast i eit felles skulebygg i staden for at læraren reiste rundt og underviste på dei forskjellige gardane. Dermed er det mange skulebygg som det på Bjoa frå akkurat same tida, og bygd på same vis.
Skulen er derfor ikkje unik nok til å bli kjøpt opp som museumsobjekt, men det er eit krav til nye eigarar, som Gunnar Dalen og Bjoa bygdeutviklingslag i desse dagar er på utkikk etter, at bygget hovudsakleg blir ført opp igjen slik det er i dag. Kor nå det måtte ende med å stå. Det skal altså på sikt skje ei finsleg riving, ei demontering, slik at konstruksjonen i lafta tømmer kan førast opp igjen i same form ein heilt annan stad.
— Me skal fatte eit vedtak før nyttår om den endelege skjebnen til bygget, og så blir det truleg de-montering neste sommar. Deretter vil den nye eigaren få to år på å føre opp bygget igjen. Me set ein del krav til nye eigarar, og det kjem også krav frå fylket, for bygningen er registrert med verneverdi, seier Gunnar Dalen.