Industriområdet Tongane i Etbe
ARKIVFOTO: JAN MARTIN GRINDHEIM
Fylkesmannen krev nye målingar av støy og støv frå industriområde
Fylkesmannen i Vestland er ikkje nøgd med dei einskilde støy- og støvkartleggingane frå industriområdet Tongane i Etne, og krev no ei samla og uavhengig måling. Resultatet kan ende i krav om særskilte driftsperiodar for fleire verksemder.
Over fleire år har Fylkesmannen fått klagar på støy og støv frå naboar til industriområdet Tongane. I fjor sommar og haust vart det gjennomført ei kartlegging av det einskilde bidraget til støv og støy frå kvar bedrift, i form av eigenrapportering frå verksemdene. I seg sjølv synte ikkje desse rapporteringane overskriding av grenseverdiar i forureiningsforskrifta.
Nabo Vidar Børretzen var ein av fleire som ikkje slo seg til ro med dette og kravde uavhengige målingar av støy.
— Det går ut over livskvaliteten. Me vaknar om morgonen av asfaltverket som startar klokka seks, og så kjem steinknuseverk og pukkverk. Dei held det gåande heile dagen. Me høyrer støyen godt innandørs og det er umogeleg å sitja ute, sa han til Grannar 2. april i år.