Fullt hus, nisseglede og ekte førjulsstemning
Onsdag ettermiddag fekk både vikedalsbuen og sandeidsbuen skikkeleg julestemning då julegateopningar blei arrangert i begge bygdene. Mykje folk tok turen, og overalt såg ein nissehuer, nissekledde barn og smilande familiar som kosa seg i førjulsmørket.
Vikedal: Kafé, julemarked og liv i gata
Oppe på loftet på Coop hadde niandeklasse rigga til eit triveleg arrangement med både julemarknad og kafé. Foreldre, besteforeldre, småsøsken og naboar fann seg til rette rundt borda medan lukta av graut og nysteikte lappar spreidde seg i rommet.