Cupgeneral Bjørnar Aastvedt
TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Fullbooka på tre minutt
Interessa for Etnecup held fram med å veksa.
Søndag 4. januar opna påmeldinga til Etnecup 2026, og nesten før folk rakk å
setta kaffien på bordet, var cupen full. Leiar Bjørnar Aastvedt peikar på
kvalitet, dugnad og nærleik som dei viktigaste grunnane til den enorme
pågangen.
Fullt på få minutt
— Fullbooka. Etter tre minutt hadde 145 lag meldt
seg på, seier cupgeneral Bjørnar Aastvedt.
Det var ikkje fullt i alle klassar med ein gong, men det blei raskt fylt opp
også der. Ein viktig faktor i år er at nokre næringslokale som tidlegare har
vore brukte til overnatting, ikkje lenger står til disposisjon fordi tinghuset
er under oppussing. Det har påverka kapasiteten, men ikkje interessa.