Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Fryktar noregspris gjer at folk gløymer straumavtalen

Ein dyr straumavtale blir ikkje blir betre med noregspris. Det er berre straumprisen som blir frosen med denne ordninga, seier Forbrukarrådet.

Publisert Sist oppdatert

Sju av ti straumkundar oppgir at dei ikkje har bytt straumavtale dei siste to åra. I ei pressemelding
seier Forbrukarrådet at dei fryktar noregspris kan føra til at fleire blir ståande på dyre avtalar fordi dei trur noregspris erstattar den ordinære straumavtalen.

– Ein dyr straumavtale blir ikkje blir betre med noregspris. Det er berre straumprisen som blir frosen med denne ordninga, ikkje påslaget til straumselskapa, seier fagsjef Thomas Iversen i Forbrukarrådet.

Mykje å spara

Påslaget på ordinære straumavtalar varierer frå 0 til over 30 øre per kWh. Det kan utgjera fleire tusen kroner i året. Forbrukarrådet oppmodar alle til å sjekka straumavtalen samtidig som ein vurderer om det er fornuftig å slå til på tilbodet om noregspris.

Ombodet minner og om at det skilnad på noregspris, straumstøtte og straumavtale. Alle straumkundar har ein straumavtale, der du som regel betaler eit påslag pr. kWh i tillegg til eit fast månadleg gebyr.

Ut 2026

I 2021 innførte regjeringa ei straumstøtteordning for å redusera utgiftene i hushalda ved høge straumprisar. Ordninga inneber at staten per i dag dekkjer 90 prosent av den delen av spotprisen som overstig 93,75 øre per kilowattime (inkludert meirverdiavgift).

Frå 1. oktober kan du byta ut straumstøtta med noregspris. Noregspris er ei straumstøtteordning som gir deg ein føreseieleg straumpris gjennom heile året. Den noverande prisen varer i første omgang ut 2026. Prisen er sett til 50 øre per kWh (inkl. mva.).

(NPK)

Powered by Labrador CMS