Svært mange opplever krysset mellom Sandeidvegen og E134 i Ølen sentrum som lite tilfredsstillande. Det blir lett kø og bilistane må på kort tid bestemme seg for om lukene er lange nok til å svinge inn og ut av krysset. Foto: Jon Edvardsen
Svært mange opplever krysset mellom Sandeidvegen og E134 i Ølen sentrum som lite tilfredsstillande. Det blir lett kø og bilistane må på kort tid bestemme seg for om lukene er lange nok til å svinge inn og ut av krysset.

Fryktar eit alvorleg uhell i E134-kryss

Kommunepolitikar Åge Opheim er bekymra for at det kan skje eit alvorleg uhell i krysset mellom E134 og Sandeidvegen i Ølen sentrum. Med nytt kjøpesenter blir trafikken endå større.

Publisert Sist oppdatert

— Krysset i Ølen bekymrar meg og det er enormt med informasjon når ein står der. Heile krysset er ei bekymring og eg etterlyser kva som skal skje vidare, seier Åge Opheim (H).

Han reiste eit spørsmål i formannskapet der han etterlyste status for krysset framover.

Tidlegare vart dette krysset sett i samanheng med krysset litt lenger aust, frå E134 ned Dreganesvegen mot sentrum. Planen var å lage ny veg frå Eide og ned til sentrum, og at begge kryssa vart erstatta av ei felles rundkøyring ved Ølen Møbel.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS