Frå dei gamle husmannsplassane inst Longåsdalen i Vikebygd er det god utsikt.
Foto: Arne Frøkedal
Fredeleg, vakkert og lett tilgjengeleg
Den bortgøymte dalen med sitt to kilometer lange vatn aust for Ålfjorden, har tatt imot turfolket i fleire generasjonar. Haugesund Turistforening oppdaga perla tidleg og dreiv turisthytte her frå like etter krigen. I dag har bygdefolket regien.
Frå Bjordal ved Vikebygd er rusleturen fram til turmålet inst i Longåsdalen kort og enkel. Gåturen går i lett terrereng frå Bjordalstunet, der det er parkering mot ei lita avgift. Etter eit par kneiker i starten, når du vestre del av Longåsdalsvatnet som ligg ca. 200 meter over havet. Midt imot ruger Vassnuten (459 moh.), eit flott utsiktspunkt. Ferda går vidare gjennom skog, langs det lange vatnet.