Tysdag kunngjorde regjeringa endringar i strategien for kven som skal prioriterast for å få koronavaksine.Foto: Gorm Kallestad / NTB
Dei aller fleste i Etne og Vindafjord takkar ja til koronavaksine.

Framleis høge smittetal

NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 499 koronasmitta i Noreg. Det er 230 færre enn dagen før og 109 fleire enn same dag førre veke.

Ved midnatt natt til onsdag er det registrert 72.234 koronasmitta personar her i landet, viser førebelse tal frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

Dei siste sju dagane er det registrert til saman 3.086 nye smittetilfelle i Noreg.

Måndag vart det registrert 729 nye smittetilfelle i Noreg. Det er det høgaste daglege smittetalet sidan starten av januar. Dagen før var talet 180, medan det for ei veke sidan låg på 390 nye smittetilfelle.

Aukande smittetrend

Til saman er 3,8 millionar koronatestar til no utførte her i landet. Det er generelt ei forseinking på éin til to dagar på prøvesvara, og færre blir generelt registrerte smitta i helgane enn på vekedagar.

Trenden i registrert smitte er ifølgje VGs utrekning stigande, og det same er han i 40 kommunar spreidde over heile landet.

I alt 334.863 personar har fått første dose av koronavaksinen, og 162.511 personar har fått andre dose.

Tysdag kunngjorde regjeringa endringar i strategien for kven som skal prioriterast for å få koronavaksine. Vaksinane skal fordelast etter folketal, det vil seie at dei større byane med yngre befolkning får fleire vaksinar.

Fleire innlagde

Tysdag var 109 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var sju fleire enn dagen før.

Til saman er 623 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars i fjor, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

64,0 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om ni dødsfall i Noreg.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS