FOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN
Mann funnen død
Forsvararen: — Ho seier at ho ikkje står bak og at ho ikkje var til stades
Etter avhøyr søndag kveld, seier forsvarar til kvinna som er sikta for drap i Ølensvåg, Erik Lea, at ho nektar straffeskuld.
— Ho seier at ho ikkje har noko med dette dødsfallet å gjere, og distanserer seg frå det heilt. Ho står ikkje bak og var ikkje til stades, seier Lea til Dagbladet søndag kveld.
Lea seier at kvinna blei avhøyrd fleire timar søndag kveld og har gitt ein detaljert forklaring på kva som har skjedd, og svart på kva-spørsmål.
— Ho gav først ein forklaring som vitne, men fekk seinare status som sikta og har gitt ny forklaring med den statusen i kveld (søndag), seier advokaten.