Her ligg alt til rette for å laga seg calzone (innbakt pizza) på bålpanne.
Arkivfoto: Anita Haugland
Petit
Forskjell på teori og praksis
Å bli inspirert er ei herleg kjensle. Enten det handlar om nye trendar, nye aktivitetar, reisemål, eller ei god historie som bør lesast eller skrivast. Også i matvegen har eg blitt inspirert, og har prøvd ut diverse gastronomiske opplevingar – med varierande hell. Eg gløymer aldri det året pizza på grillen» var ein snakkis som mange visstnok hadde prøvd med suksess. Eg kasta meg rundt, skreiv ein artikkel til Grannar si sommaravis, som eg var sikker på ville pirra tarmtottane på dei fleste lesarane. Eg fekk også sikra meg dei mest innbydande bileta av ekte italiensk pizza – steikt på grillen. Gode oppskrifter på både pizzadeig, pizzasaus og topping» som kunne få vatnet til å renna i munnen på ein kvar.
Det var som om heile grill-pizzaen klistra seg til hjernen min, og i dagevis etterpå drøymde eg om nettopp denne pizzaen. Til slutt fann eg ut at eg måtte berre prøva. Kulegrill med lokk hadde eg allereie, men bakstehelle i stein til grillen måtte eg skaffa meg. Likeeins pizzaspade. Eg konfererte med ein kollega – også kjent som stein-omn-pizza-geni», og fekk rettleiing i framgangsmåten på både deig, saus og utvalet av det som skulle liggja på toppen. Høgst tilrådd denne gong var blåmugg-ost, og skinke. Kjære vene, eg kunne ikkje få starta fort nok. Eg fyrte opp grillen. Sola var på hell, og det var varmt, godt og aldeles nydeleg. Mens magen romla, knadde eg i hop pizzadeigen, og følte ærleg talt eg var ei allsidig dame. Som våga å prøva ut nye ting.
Det var truleg dei siste positive tankane som passerte hjernebarken min den dagen, for etter dette gjekk det meste åt skogen. Pizzaen ville ikkje opp på pizzaspaden, og når han først var kome på plass ville han ikkje av igjen. Pizzadeigen sat som klistra. Med litt rykk og napp klarte eg å flytta deigen over på bakstehella, men det blei ingen suksess. Pizzaen tryna» meir eller mindre ned på hella – som framleis var alt for varm av glørne under. Blåmugg-osten svei seg, og ei svart illeluktande sky la seg over nabolaget. Pizzaspaden hadde for kort skaft, så eg brann meg på handa i tumultane, og då eg rista på handa i smerte og frustrasjon, kom eg i ubalanse og sparka borti grillen med den eine foten, så heile grillen – pluss meg sjølv, kvelva over ende på tunet. I sidesynet mitt ser eg maen min står og glor på meg. Så kjem han bort, hjelper meg opp, og seier: Om eg ikkje tar feil, trur eg me har tomatsuppe i skuffa. Det er vel dette som er kjærleik i praksis. Så får heller pizza på grillen ta seg ein bolle.