Ein virusvariant som gir mildare sjukdom kan vere vegen ut av pandemien. Omikronvarianten kan derfor vere byrjinga på slutten for koronapandemien.
Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Forskar tenner korona-håp
NPK-NTB: Ein virusvariant som gir mildare sjukdom kan vere vegen ut av pandemien. Det trur forskar Gunnveig Grødeland ved Universitetet i Oslo.
— Ein koronavariant som smittar raskare og gir mildare sjukdom er det beste vi kan håpe på, seier seniorforskar Gunnveig Grødeland til Stavanger Aftenblad.
Grødeland er leiar for forskingsgruppa Influensa og adaptiv immunitet ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin ved Universitetet i Oslo.
Gruppa har starta med undersøkingar av den nye mutasjonen og skal mellom anna prøve å finne ut korleis varianten påverkar risikogruppene, og korleis vaksinen vernar mot han.
— Koronaviruset vil nok bli likestilt influensaviruset i alvorsgrad. Det vil alltid vere til stades, men typisk berre gi mild sjukdom. Slik det ser ut no er ein slik mutasjon vegen ut av pandemien, seier ho.
Ein mutasjon som gir mildare sjukdom og raskare smitte kan vere eit teikn på ein koronavariant som vil vere kompatibel med eit samfunn utan restriksjonar.
Over 4.000 smitta
Det siste døgnet er det registrert 4.117 koronasmitta i Noreg. Det er 1.240 fleire enn same dag førre veke.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 3.687 koronasmitta per dag.
Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 2.642, så trenden er stigande.
Måndag var 295 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 33 fleire enn dagen før.
82 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 47 på respirator. Det er 14 fleire på intensiv og to fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
Ved midnatt natt til tysdag var det utført 8,6 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor.
I alt har 289.611 personar testa positivt.
Til no har 4.247.526 personar fått første dose av koronavaksinen, 3.855.428 personar har fått andre og 738.872 har fått tredje dose.
Til saman er 1.096 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.
59,7 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meld om 23 dødsfall i Noreg.