Førjulskos med forteljarstund av Tale Østrem.
Irene Mæland Haraldsen
Førjulskos og nissebesøk på gamleløa
Det er Lucia-kveld og tid for førjulskos
på den gamle løa på Villa Vedlene i Etne. Ute på tunet står eit skinande
juletre og helsar små og store velkomen og frå bålpanna kastar fresande
bjørkeved varme stråler ut i den mørke desemberkvelden. Inne i den gamle løa er
det dekka til fest med lussekattar og saft på bordet, og på den vesle scenen like innanfor løedøra set
Tale Østrem med eventyrboka i fang klar til å dela spanande juleforteljingar.
— Har de høyrt om sjønissen og
fjøsnissen, spør Tale og kikkar ut mot publikum som ventar i spenning på kva ho
har å fortelje.
Juleavslutning