Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Sparebankstiftinga gjer i dette debattinnlegget greie for gåva dei ønskjer å gi til Skakke.ARKIVFOTO: RENATE SÆVAREID
Sparebankstiftinga gjer i dette debattinnlegget greie for gåva dei ønskjer å gi til Skakke.

Føreslår at Etne kommune skal gi Skakke-aksjar til idrettslaget

Publisert Sist oppdatert

Etter fleire diskusjonsrundar mellom Etne kommune, Sparebankstiftinga Etne og dei andre eigarane i Skakke SA, har det no kome eit forslag til konklusjon. Sparebankstiftinga har lagt fram eit forslag om at kommunen reduserer sin eigardel frå dagens 62 prosent til ein symbolsk post på sju prosent. Kommunedirektør i Etne, Filippo Ballarin meiner dette ikkje gir kommunen nokon reell påverknad, og føreslår derfor at kommunen ettergir sine aksjar til Etne Idrettslag.

Bakgrunnen for forhandlingane

Vedtaket frå kommunestyret i april i år sette rammene for forhandlingane om framtidig eigar- og driftsmodell for Skakke. Målet var å finna ei løysing som kunne sikra vidare drift av anlegget utan at Etne kommune blei sitjande igjen med det økonomiske ansvaret åleine. Med stor gjeld og trong økonomi har det vore viktig for kommunen å få til ei varig og berekraftig løysing. Sparebankstiftinga kom tidleg på banen med eit tilbod om å slette restgjelda til Skakke, som Etne kommune har stått ansvarleg for. Eit vilkår for dette var at kommunen reduserte eigardelen sin i selskapet.

Powered by Labrador CMS