— For tette skot mellom fylka
— Det er altfor tette skott mellom fylkeskommunane når det gjeld vidaregåande utdanning for sveibuar og etnebuar, meiner Ben Jerry Ellingsen.
Den tidlegare rektoren ved Sveio skule er no avdelingsleiar for vaksenopplæringa ved Karmsund videregående skole i Haugesund. Og det er særleg for vaksne elevar frå Sveio og Etne at fylkesgrensa framstår som eit uoverstigeleg hinder.
Rett til to sluttkompetansar
– Etter utdanningslova har alle rett på to sluttkompetansar her i landet. Men vaksne elevar frå Vestland får ikkje gå på skule for å ta eit nytt fagbrev i Rogaland, fortel Ellingsen.
For elevar som kjem rett frå ungdomsskulen til vidaregåande, kjøper Vestland fylkeskommune elevplassar i nabofylket. Men denne ordninga gjeld ikkje elevar over 19 år.
– Me har fleire gonger opplevd at me må seia nei til vaksne elevar frå Sveio, seier Ellingsen.
Desse elevane blir viste til Stord, men der er det langt færre utdanningstilbod enn i Haugesund.
– Det er ikkje bra om desse elevane ikkje får den utdanninga dei ønskjer og kanskje hamnar i eit NAV-løp i staden for å koma ut i nytt arbeid.
Må løysast politisk
Problemstillinga gjeld ikkje berre for Sveio og Etne, men i alle grenseområde mellom fylkeskommunane, seier Ellingsen.
Han har snakka med politikarar både i Sveio og Etne om saka, og meiner problemet må løysast politisk ved at det blir lettare å velja utdanningstilbod på tvers av fylkesgrensene.