Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Miljødirektoratet oppmodar til å sjekke om elektronikk er CE-merkt før kjøp, då det er større sjanse for at produkta inneheld ulovlege stoff om dei ikkje har stempelet. Foto: Miljødirektoratet
Miljødirektoratet oppmodar til å sjekke om elektronikk er CE-merkt før kjøp, då det er større sjanse for at produkta inneheld ulovlege stoff om dei ikkje har stempelet.

For mykje bly i elektronikk

Publisert Sist oppdatert

Miljødirektoratet har kontrollert 20 elektriske- og elektroniske produkt. I nesten halvparten av dei vart det funne for høgt innhald av bly og to av dei hadde ikkje den lovpålagde CE-merkinga.

Det opplyser Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Bly er eit giftig tungmetall som gir akutte og kroniske helse- og miljøskadar. Sidan 2013 har det europeiske regelverket forbode bruk av bly i elektronikk i ein konsentrasjon høgare enn 0,1 vektprosent per komponent.

Miljødirektoratet har undersøkt mellom anna elektroniske leikar, sparkesyklar, trådlause ladarar, fidgetspinnarar og kroppspleieprodukt. Varene vart kjøpt inn frå store butikkjeder, fysiske butikkar og mindre nettbutikkar i Noreg og ein nettbutikk i Danmark.

Dei ulovlege produkta med for høgt innhald av bly, som stort sett var produsert i Kina, har no vorte trekte frå marknaden.

Miljødirektoratet oppmodar forbrukarar til alltid å sjekke at elektronikk er CE-merka før kjøp, då produkta er ulovlege om dei ikkje har stempelet.

(NPK)

Powered by Labrador CMS