Folkefest i New York då bjoabu segla inn med Restauration – sjå biletserie
New York, 10. oktober 2025 – På dagen 200 år etter at den opphavlege Restauration med norske utvandrarar kom fram til USA i 1825, blei den moderne rekonstruksjonen av skuta ved Pir 16 ved Hudson River møtt av eit folkehav. Kronprins Haakon, saman med Noregs utanriksminister, og næringsminister, ønskte skuta velkommen saman med tusenvis andre.
Det var Ryfylke Trebåtbyggjeri som bygde den rekonstruerte Restauration, sjøsett i 2010, og sidan 2024 har ho vore eigd og driven av Restauration Venneforeining, som den tidlegare bjoabuen Terje Haga også er med i.
Haga var med på seilasen over atlanteren, og opphavleg la dei ut frå Stavanger 4. juli i år. Etter 98 dagar på havet nådde skuta målet sitt – same lengd som den opphavlege ferda.