Den yngre befolkninga er mindre grad oppteken av å få brunfarge enn dei eldre, viser ei ny undersøking.
Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Folk over 50 år er mest opptekne av å bli brune
– Funna viser at middelaldrande og eldre i større grad er ute i sola for å få brunfarge enn dei yngre, seier fagdirektør Lill Tove Nilsen i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.
Undersøkinga er gjennomført av Norstat, i eit landsrepresentativt utval av norske kvinner og menn over 50 år. Formålet var å få innsikt i soslvanane til den vaksne delen av befolkninga.
63 prosent av respondentane meiner dei ser betre ut med brunfarge, og nesten halvparten av dei spurde, 48 prosent, oppgir at dei er ute i sola for å få brunfarge.