Odd Steinar Kvinnesland er ikkje lenger medlem av Vindafjord Arbeidarparti.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Føler seg pressa ut av Ap
— Der verker som om dette var for å skvise meg ut av partiet. Det greidde dei med glans, seier Kvinnesland.
Skjoldabuen har vore vararepresentant til kommunestyret i tre periodar og var leiar i lokallaget i fem år. I denne perioden var han ein del av lokallaget sin valkomité, kor han enda opp aleine etter at Ole Jarl Madland flytta sitt medlemskap til Stavanger Ap og Aurelija Perednis melde seg ut av partiet.
— Eg visste ikkje at Aurelija hadde meldt seg ut før eg ringte til ho, fortel skjoldabuen.