Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Flykta frå krig til eit betre liv. Mor Saido Mohamed Warsame saman med dottera Tasniim (3) og far Abdiaziz Mohamed Yusuf med sonen Mohamed Nasiim (6 veker) heime i Ølen.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Flykta frå krig til eit betre liv. Mor Saido Mohamed Warsame saman med dottera Tasniim (3) og far Abdiaziz Mohamed Yusuf med sonen Mohamed Nasiim (6 veker) heime i Ølen.

Flykta frå krigen til eit trygt liv i Ølen

Publisert Sist oppdatert

Året er 2012. Borgarkrigen og terror har herja republikken på Afrikas horn i årevis og tusenvis av menneske er drivne på flukt. For Saido Mohamed Warsame er utsiktene for eit trygt og godt liv i heimlandet Somalia i ferd med å bleikna, og den unge kvinna i byrjinga av 20-åra, er tvungen til å forlata landet. Heilt åleine legg ho ut på ei farefull ferd til nabolandet Etiopia, før ho til slutt endar opp i Noreg og Moi flyktningmottak. Etter eitt års tid går vegen vidare til Ølen der ho endeleg augnar håp om ei trygg framtid.

— Eg var 24 år då eg kom til Noreg. Eg måtte flykta frå krig og kom til landet heilt åleine. Det var veldig tøft å flykta, seier 33 år gamle Saido Mohamed Warsame til Grannar.

Med berre eitt års skulegang frå heimlandet Somalia i bagasjen og med morsmålet som einaste språk, er utfordringane mange, men den unge kvinna let seg ikkje stoppa av den grunn. Ho vil skapa seg ei framtid i Vindafjord og starta med å læra seg språket.

Powered by Labrador CMS