Flyg høgt på BMX-sykkel
Den nye pumptrack-banen i Etne hadde si offisielle opning midt under Etne Cupen laurdag, og fleire med lang erfaring frå sykling på slike banar kunne opplysa at denne banen var ein av dei beste dei hadde prøvd.
Har ein nok erfaring, rett sykkel og ikkje er så skvetten, kan ein flyga høgt opp i lufta om ein tar skikkeleg sats frå dei øvste humpane på den nye pumptrack-banen som opna i Etne laurdag. Eller BMX-bane, om du vil.
For sykkelinteresserte barn var det opning klokka 12.00 med ordførar Mette Heidi Ekrheim Bergsvåg. Ho hadde det ærefulle oppdraget med å klippa snora», som i dette tilfellet var ein sykkelkjetting, naturleg nok. Ho la vekt på viktigheita av også den uorganiserte aktiviteten, ikkje berre den organiserte.
— Det er så viktig å kunna samlast til slike uorganiserte aktivitetar også, og når denne nye banen i tillegg ligg så nært både skateparken og kunstgrasbanen, er det positivt, sa ho.