Å gå på tur til fots, eller på ski er den føretrekte aktiviteten hos Ola Nordmann. Her er eit vinterbilde frå turen mot Olalia.
Foto: Liv Matre
Fleire vil på tur
I ei fersk undersøking kjem det fram at nordmenn i stor grad ønskjer å bruka naturen som treningsarena. Turar til fots eller turar på ski er mest populært, og det bør utfordra politikarane
I ei fersk undersøking Ipsos har gjort for fellesorganisasjonen Norsk Friluftsliv kjem det fram at heile 65 prosent ønskjer å bli meir fysisk aktive i 2020. Turar til fots eller på ski er den aller mest føretrekte aktiviteten og tala overraskar ikkje generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Lasse Heimdal.
— Å gå på tur er lågterskel, gratis og gir så mykje utover at ein kjem i form, så det er ikkje rart at dette er nordmenn si føretrekte treningsaktivitet i året som kjem, seier Heimdal.
Turgåing trumfar treningssenteret