Svein Krokedal ved Joker Vikedal køyrer 10-15 turar i veka til kundar som har bestilt varer. Det gjer han med glede. Foto: Grethe Hopland Ravn
Joker Vikedal er ein av butikkane der ein kan hente gratis sjølvtestar i Vindafjord kommune. Her er Svein Krokedal som nå har gitt drifta av butikken vidare til sonen John Olav ved eit tidlegare høve.

Fleire vil ha varer rett på døra

Svein Krokedal (61) ved Joker Vikedal er ein av dei som merkar godt at folk ønskjer å få daglegvarene levert på døra, i staden for å handla sjølv i butikken. Koronapandemien har fått folk til å endra handlevanar.

Publisert Sist oppdatert

Før koronaen kom leverte Svein Krokedal daglegvarer på døra til folk kvar fredag. Ved å senda inn bestilling og deretter få levert varene heim, er dette ein enkel og grei måte å få helgehandelen unna på. Etter at landet blei råka av pandemien, bestemte Krokedal seg for å utvida tilbodet.

— Me merka at folk ikkje var så lystne på å gå ut på butikken for å handla, derfor utvida me heimkøyringa av varer til å gjelda kvar dag, fortel 61-åringen som også er dagleg leiar i butikken.

Dette har, ifølgje Krokedal, fungert svært bra. Kundane sender enten e-post eller så ringer dei inn handlelista si, og betalar med Vipps eller i nettbanken. Så får kundane tilbod om å få varene køyrt heim, eller at dei hentar varene sjølv når dei er ferdigpakka. I løpet av ei veke køyrer Krokedal gjerne mellom ti og femten turar med varer, og han synest det er greitt å kunne gi kundane ei slik valmoglegheit.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS