Journalist Grethe Hopland Ravn
Journalist Grethe Hopland Ravn

Petit

Flat mage og sitronbrus

Ah..! Sommaren er her! Eg drøymer om surrande bier, lukta av blomster, bær, plantejord og solkrem. Eg drøymer om varme temperaturar, avslappande ettermiddagar, grillmat, og god vin. Den finaste tida på året – så sant vêret held. Det er dette eg set mest pris på: Å ha det bra! I ein alder av 46 år er det å ha det bra, som står øvst på lista mi over lukke. Går ein 30 år tilbake i tid, var det nok heilt andre ting som var viktige for å oppnå den gode sjølvkjensla. Mellom anna utsjånaden, og jakta på den flate magen. Utsjånaden er for så vidt eit viktig aspekt for mange, sjølv om ein nærmar seg midtlivskrisa. Etterkvart som ein kjem høgare opp i alder, og bilringane meir og meir liknar på fartshumpar, likar ein å ta seg godt ut likevel. Pynta på det som pyntast kan…liksom (!) Det kan vera utfordrande nok, når kroppen oppfører seg som ein bolledeig som har stått for lenge på heving, og dei to attraksjonane» øvst oppå brystkassen peikar meir og meir mot syd.

Då var det annleis for 30 år sidan. Den gong var ein knapp halvtimes sveltestreik var alt som skulle til for at magen flata seg ut, og såg grei ut i profil. For ein 16-åring på starten av 90-talet, før både internett og såkalla influencarar hadde sett dagens lys, var det gjerne spalta Kjære Nina» i jentemagasinet Starlet, som kunne gi dei beste råda til vitetrengde tenåringar. Nina hadde løysingar på det meste. Enten det handla om kjærleikssorg, pubertet, traumatiske venskap eller treningstips. Eg gløymer aldri den gong ung jente, 14 år» spurte Nina til råds. Ho hadde høyrt at sitronbrus kunne gjera underverker. Nina stadfesta dette for fjortisen, og sa at litt sitronbrus kvar morgon og kvar kveld kunne gi henne flat mage på rekordtid.

Fantastisk! Snakk om lett veg til målet! Med ei mor som alltid gav oss sitronbrus kvar gong me hadde omgangssjuka, var det ikkje usannsynleg at sitronbrus også kunne gjera underverk for forbrenninga bakom beltespenna. Med iver og glød gjekk eg over frå Tab Extra til sitronbrus, men resultatet let venta på seg. Då hausten kom måtte eg deprimert innrømma at mirakelkuren ikkje fungerte på meg. Frustrert la eg ut om falske Nina med dei falske råda til ein kamerat, men i staden for medkjensle og trøyst, la kameraten min seg over på sida og lo så han heldt på å kvelast. — Det der trur eg ikkje på, sa han og gapskratta enda høgare. Dødsfornærma fiska eg fram Starlet og Kjære Nina og peika iltert på spalta. Då lyste det mot meg: Det stod ikkje sitronbrus… det stod situps…

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS