Fivelandshyttene – ro og utsikt i Åkrafjorden
Det er ekteparet Jonny og Sigrid Hetleflåt som står bak Fivelandshyttene – to små hytter som ligg nedi ei fjellskrent på Markhus i Åkrafjorden. Hyttene, som har fått namna Fjord og Fjell, er plasserte idyllisk på kvar sin bergknaus, omgitt av blåbærlyng og bjørkeskog.
Dette er eit ekte familieprosjekt, der alle dei fire barna har vore med på å bidra undervegs – både i planlegging, bygging og drift.
Ein parkerer bilen på oppsida og går eit stykke ned ein smal grusveg. Her får ein verkeleg kjensla av å vera langt vekke frå resten av verda, med naturen tett på. Rett i nærleiken held ei kattugle til, og ørna fyk ofte forbi på nært hald. Ved sjøen har fleire sett niser.