Sokneprest Per Hjemdal fortvilar over at prosessen med å få høve til å kjøpe prestegarden ser ut til å dra enno meir ut i tid.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Fiskerett-vedtak kan vere ulovleg
Det var 3. juni i år at forvaltningsutvalet i Etne gav grønt lys til ein søknad frå Opplysningsvesenets Fond (Ovf) om å dele frå ein del av prestegarden, inkludert fiskerettar i Etneelva. Bakgrunnen for saka er at Ovf i samband med at prestar ikkje lenger har burett i sokna sine, vil selje prestegarden. Men dei ønskjer å halde på fiskerettane, som dei meiner vil gi viktige inntekter til fondet.
Grannar skreiv om saka første gong i august, etter at ho vart klaga på av eigarar til nabo-eigedomar som tidlegare er fråskilt frå prestegarden. Dei meiner at dei bør kunne få overta Ovf sine fiskerettar. Dette fordi dei meiner at dei som nabo til elva berre sit med utgifter knytt til flaumskadar, og ingen inntekter frå elva. Dei meiner mellom anna at kommunen har gjort saksbehandlingsfeil, sidan dei ikkje hadde fått nabovarsel om den planlagde delinga.
— Saksbehandlingsfeil