Holger Berge (t.v.) og Georg Matre har lang fartstid på Nor-Fishing som representant for Westcon Group. For sistnemnde var det allereie i oppveksten ei naturleg avslutning på familieferiane. — Først var me innom alle konkurrerande verfta på Møre-kysten, før me hamna på fiskerimessa.Foto: Vidar Alfarnes
Holger Berge (t.v.) og Georg Matre har lang fartstid på Nor-Fishing som representant for Westcon Group. For sistnemnde var det allereie i oppveksten ei naturleg avslutning på familieferiane. — Først var me innom alle konkurrerande verfta på Møre-kysten, før me hamna på fiskerimessa.

Fiskebåtar på rekkje og rad

At Westcon er ein aktør å rekna med når det kjem til bygging av fiskebåtar, er knapt for ei nyheit å rekna. Difor var det berre rett og rimeleg at dei også hamna på vinnarlaget under Nor-Fishing i Trondheim.

Publisert Sist oppdatert

På opningsdagen av den sårt etterlengta messa, hadde dronning Sonja teke turen for å kasta glans og offisielt stadfesta at pandemi-tida var over. I same slengen delte arrangøren ut årets Innovasjonspris.

Ein pris som hamna i hendene til Ulstein Design & Solutions AS og Bluewild AS. For at dei i fellesskap har prosjektert og konfigurert eit nytt fiskefartøy-konsept. Der handteringa av trålfangst er det mest banebrytande. Fisken kjem aldri opp av sjøen, men vert i staden ført inn i eit fangstmottak under vasslina. Nyvinninga har fått namnet ECOFIVE (ECO-friendly Fishing Vessel), og er eit steg opp med tanke både på fiskevelferd, innfrysing, hybrid-løysingar og reduserte utslepp av klimagassar.

— Det er me som skal byggja båten, smiler duoen Georg Matre og Holger Berge.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS