FHI ventar ei koronabølgje på seinvinteren, men seier at mange er blitt immune mot viruset som for snart fem år sidan stengde ned landet. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
FHI ventar ei koronabølgje på seinvinteren, men seier at mange er blitt immune mot viruset som for snart fem år sidan stengde ned landet.

FHI ventar ny koronabølgje på seinvinteren

Publisert Sist oppdatert

Fleire kjem truleg til å bli smitta av koronaviruset i vekene framover, men færre enn før blir sjuke fordi befolkninga i stor grad har vorte immun, ifølgje FHI.

– Vi reknar med ei ny bølgje av covid-19 på seinvinteren, seier Preben Aavitsland, fungerande områdedirektør i Folkehelseinstituttet, til NRK.

Til no har viruset forårsaka store smitteutbrot når det blir kaldt ute, men i år har vinterbølgja late vente på seg. Sjølv om det truleg kjem ei ny bølgje snart, er det ikkje sikkert mange blir sjuke.

FHI skriv i ein rapport
om utsiktene for luftvegssjukdommar denne vinteren at den langvarige sjukdomsbølgja i haust er årsaka til at mange nordmenn er meir immune mot virusvariantane som sirkulerer no.

– Bølgjene med covid-19 kjem til å halde fram, men bli mindre merkbare fordi grunnimmuniteten til befolkninga gjer infeksjonane jamt over mildare. Det betyr at ein mindre del av dei smitta opplever alvorleg covid-19-sjukdom, medan ein større del får infeksjon utan symptom eller med berre forkjøling, seier Aavitsland.

(NPK)

Powered by Labrador CMS