FHI: Lite luftvegsinfeksjonar og influensa i omløp
Luftvegsinfeksjonar held seg på eit stabilt lågt nivå. Andelen smitta av influensainfeksjonar har auka, men er framleis på eit svært lågt nivå for sesongen.
Dei vanlegaste luftvegsinfeksjonane covid-19, rhinovirusinfeksjon og influensavirus held seg på eit stabilt lågt nivå, skriv Folkehelseinstituttet (FHI).
Førre veke gjekk andelen med påvist rhinovirus ned med 1 prosent frå veka før, med 17 prosent påviste prøver. I veke 40 låg talet på påviste prøver på 21 prosent.
Covid-19 har dei siste vekene fem vekene heldt seg på rundt 6 til 7 prosent. Medan talet på positive influensavirus prøver ligg gjekk opp frå 1 til 2 prosent frå veka før.
FHI ber framleis eldre om å vaksinere seg. 19. oktober hadde berre 19. prosent av personar i alderen 65 år og oppover vaksinert mot influensa sidan 25. august i år.
Vaksinasjonen mot koronavirus låg på same tid på 11 prosent for dei over 75 år.
– Hovudmålet med smittevernråda er å redusere smitte til personar som har høgare risiko for å bli alvorleg sjuke av luftvegsinfeksjonar, som kronisk sjuke og eldre, skriv FHI.
(NPK)