Grethe Hopland Ravn
Petit
Ferie og nytt sengtøy
Ytterdøra i gangen går igjen med eit smell, og inn i stova – med sko på beina – kjem dei to lange-laban eg er mor til. To livsglade tenåringsgutar med kvar sine 185 centimeter på strømpeleisten. Som hiv litt etter pusten etter dei lange oppoverbakkane frå skulebussen og heim. Like fullt pustar dei ut etter eit fullført år på vidaregåande, og frå akkurat dette augeblikket er det framfor alt sommarferie. Aahh..! Det er visst aldeles nydeleg. Humøret er på topp, dei skravlar i munnen på kvarandre om både vellukka grilling i storefri, morosame innslag under fellesavslutninga i idrettshallen, og midt i setninga bryt eldstemann tvert og ropar inn på kjøkkenet til meg: Mamma! Husk nytt sengtøy!»
Det har seg nemleg slik at byting av sengtøy i utgangspunktet kan skje når som helst året rundt, og det gjer det forsåvidt også. Men to dagar i året er ikkje til å koma utanom. Den eine dagen er som dagen i dag, då sommarferien står for døra, og om vergudane spelar på lag, ligg mange lyse og varme sommardagar framom oss. Den andre dagen er eit knapt halvår fram i tid. Nemleg veslejulaftan! Desse to dagane i året er faste byt-sengtøy-dagar», og alle vurderingar om å ta det dagen etter, eller dagen før for den del, er høgst uaktuelt. Det blir ikkje sommarferie – eller jul – utan nytt sengtøy på same dag som ein får skulefri. Denne tradisjonen er hogd inn i stein. Urokkeleg! Slik har det vore sidan dei var små, og slik kjem det nok alltid til å vera – så sant dei kjem heim til ho mor. Eg må jo innrømma at det er ein viss sjarm med dette. Gode barndomsminne som eg håpar dei tar med seg vidare i livet.
Beskjeden frå lange-laban på kjøkkenet får tankane til å flyga nokre år bak i tid. Frå den tida han var barneskulegut, og klassen skulle samlast i ring i klasserommet for å snakka om kva dei gledde seg til når det blei sommarferie. Klassekameratane ramsa opp både sommarland, sydenturar, båtturar, badeturar, fisketurar, og då turen kom til junior var det nettopp nytt sengtøy som stod på lista over det han gledde seg til i sommar. Læraren spurte guten om kvifor han synest det var så kjekt med nytt sengtøy og kvifor det minna han om sommar. Då svarte pjokken som sant var; han pleidde å få nytt sengtøy kvar gong han fekk sommarferie! Ein smule lattermild hadde læraren spurt om han ikkje fekk nytt sengetøy fleire gonger i året også?