Ordfører Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim la ned krans ved minnesmerket i Fjæra 17. mai 2020.Arkivfoto
Fellesmarkering på frigjeringsdagen
Noregs frigjeringsdag og Veterandagen markerer 80 år med fred og fridom, og i kommunane Etne og Vindafjord blir dagen markert saman med kommunane Karmøy, Tysvær og Haugesund.
— Me vil ha ei felles markering med Haugalandet, seier ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim i Etne kommune.
Klokka 14.00 skal ho etter planen leggja ned krans og halda tale ved Vår Frelsers gravlund i Haugesund. Men før ho tek turen til Haugalandet vil ho på vegne av Etne kommune leggja ned krans på to av kommunen sine eigne krigsminnesmerke.